Topptur Nissedal

Topptur Nissedal Topptur Nissedal er eit bredde og lågterskeltilbod med fokus på folkehelse i regi av Nissedal komm

Sjekk ut den nye versjonen av Topptur Nissedal - genseren, Skuggeknatten. Dette er ein fin genser som passar til kvardag...
14/11/2024

Sjekk ut den nye versjonen av Topptur Nissedal - genseren, Skuggeknatten.
Dette er ein fin genser som passar til kvardags og fest. Du rekk å bli ferdig til jol 😊👏🏻🧶

Skuggeknatten mohair 2024.
Genseren er inspirert av ein vott funne hos Tordis Sunde, som er naboen til Garnkurven.
Votten var strikka av syster til Tordis og er strikka på 1950- talet.
Genseren har fått namnet Skuggeknatten, fordi ein ser rett på dette fjellet frå der Tordis har hus.
Mønsteret er utvikla av strikkeglade damer med Inger i spissen,
saman med Elin Fjalestad, Julia T. Volline og Anne Margrethe Espelid.
Skuggeknatten mohair er strikka i tynn Peer Gynt-garn, rein norsk ull, og tynn silk mohair.
Genseren passar utmerka både til fint og til daglig bruk.

TOPPTUR NISSEDAL 2024 🍁Søndag 8. september blei årets topptursesong avslutta! Har du ikkje henta t-skjorta endå, kan du ...
10/09/2024

TOPPTUR NISSEDAL 2024 🍁
Søndag 8. september blei årets topptursesong avslutta!
Har du ikkje henta t-skjorta endå, kan du hente den her innan laurdag 28. september;
- Vekedagar: kommunehuset, frå 08.00 - 15.00
- Helg (fredag og laurdag); Turine, frå 10.00 - 15.00/ 17.00.

- TAKK FOR TUREN💛

ÅRETS T-SKJORTE  ER HER☀️Gjør som denne sporty familien og sikre deg den fine t-skjorta!Du får den ved å gjennomføre min...
03/07/2024

ÅRETS T-SKJORTE ER HER☀️
Gjør som denne sporty familien og sikre deg den fine t-skjorta!
Du får den ved å gjennomføre minst 10 eller 7 turar!
T-skjorta kan i år hentast hos Turine i sentrum🌸

God tur og god sommar☀️

PS: Husk bandtvang🦮og sporlaus ferdsel når du er på tur🚯

TOPPTUR NISSEDAL 2024🏔️☀️Måndag 1. april startar Topptur Nissedal 2024!Årets sesongen varer frå 1. april til 8. septembe...
30/03/2024

TOPPTUR NISSEDAL 2024🏔️☀️

Måndag 1. april startar Topptur Nissedal 2024!
Årets sesongen varer frå 1. april til 8. september og byr på 40 ulike toppar fordelt i heile kommunen.

Toppturbrosjyrer finn du her:
- Best Treungen
- SPAR Treungen- Jakob Tveit A/S
- Treungen Sport & Fritid
- Coop Prix
- Nissedal Landhandel AS
- Fru Tveit

HUGS;
- bandtvang frå 1. april 🦮
- vis omsyn til dyre-og planteliv 🦆🌿
- ta med søppel heim (sporlaus ferdsel) 🚯

På Nissedal kommune si heimeside finn du meir informasjon om korleis du deltek, registrerer turar og får premie.

God tur og fortsatt god påske 🐣☀️

Årets t-skjorte er no på plass på Treungen Sport & FritidLogoen er av branntårnet på Solhomfjell på Felle, og er ein av ...
15/06/2023

Årets t-skjorte er no på plass på Treungen Sport & Fritid
Logoen er av branntårnet på Solhomfjell på Felle, og er ein av dei 40 toppane vi tilbyr i Topptur Nissedal.
Branntårnet er 75 år gamalt, 16 meter høgt og har utsikt til 25 kommunar. Det er ei oppleving å klatre opp og sjå den fine utsikten.
Til å vise fram den nye t-skjorta, har vi fått med delar av Nissedal brannvesen; Håvard Gaastjønn Tveit, Arnt Olav Wessel Storkås og Hans Inge Hagen.
Dei minner om høg brannfare, og at ein ikkje må fyre bål eller grille i naturen.

God tur, og hugs at premien for 10 eller 7 turar er denne fine t-skjorta ☀️

NY TOPPTURGENSER, SKUGGEKNATTENGenseren er inspirert av ein vott funne hos Tordis Sunde, som er naboen til Inger Brommel...
31/03/2023

NY TOPPTURGENSER, SKUGGEKNATTEN
Genseren er inspirert av ein vott funne hos Tordis Sunde, som er naboen til Inger Brommeland, innehavar av garnbutikken Garnkurven.net.
Votten var strikka av syster til Tordis og er strikka på 50- talet.
Genseren har fått namnet Skuggeknatten, fordi ein ser rett på dette fjellet frå der Tordis har hus.
Genseren er strikka i Peer Gynt-garn, rein norsk ull, og på pinner nr 4. Mønsteret er i enkel strukturstrikk.
Mønster og garn får du kjøpt på garnbutikken Garnkurven i Treungen.

Mønsteret er utvikla av strikkeglade damer med Inger i spissen, saman med Elin Fjalestad, Julia T. Volline og Anne Margrethe Espelid.
Genseren passar utmerka til turbruk.
Vi i strikkegruppa anbefaler gleden av eit godt strikketøy med låg puls, og ein fin tur til ein av kommunens fine toppar, med høg puls.
På bilda ser du:
-Inger Lise Bakke i grøn toppturgenser ho har strikka
-Hildegunn Kåsi i kvit genser strikka av Inger.
-Inger Brommeland i brun genser strikka av Inger
-Anne Espelid i grøn genser strikka av Anne
-David Vågen i genser strikka av Inger
-Kristin Parkinson Vågen i kongeblå genser strikka av Julia Volline
- Hild Riseth Fjone i rosa genser strikka av Kirsti-Nina Frønæs

Tusen takk til fotograf Styrk Fjærtoft for veldig fine bilde.
Garnbutikken Garnkurven er ope i påska, om du har lyst på eit nytt strikkeprosjekt.

TOPPTUR NISSEDAL 2023I morgon startar Topptur Nissedal 2023 🐣Årets sesongen varer frå 1. april til 9. september og byr p...
31/03/2023

TOPPTUR NISSEDAL 2023

I morgon startar Topptur Nissedal 2023 🐣
Årets sesongen varer frå 1. april til 9. september og byr på 40 ulike toppar fordelt i heile kommunen.

Toppturbrosjyrer finn du her:
- Best Treungen
- SPAR Treungen- Jakob Tveit A/S
- Treungen Sport & Fritid
- Coop Prix
- Nissedal Landhandel AS
- Felle landhandel

Hugs å trå varsamt, ta med søppel og vis omsyn til dyre-og planteliv.
Frå 1. april er det bandtvang.

På nissedal kommune si heimeside finn du meir informasjon om korleis du deltek, registrerer turar og får premie.

Vi ynskjer deg god tur og god påske 🐣☀️

Har du huska å hente t-skjorta di?😃Treungen Sport & Fritid har fleire igjen på lager.
28/01/2023

Har du huska å hente t-skjorta di?😃
Treungen Sport & Fritid har fleire igjen på lager.

Bli med Nissedal Frivilligsentral på tur over Langfjell onsdag til veka🤩 Ein av dei flottaste turane i kommunen!
09/09/2022

Bli med Nissedal Frivilligsentral på tur over Langfjell onsdag til veka🤩 Ein av dei flottaste turane i kommunen!

LANGFJELL PANORAMA 🤩

Onsdag 14 september er Torill Hagen turleder over Langfjell. Siden dette er en lengre tur blir det avreise fra Frivilligsentralen kl 11.00.
Turen går opp med Naurak og ned ved Gaurak. Så her har vi mulighet til å få turen ilag med trygg turleder👍VÆRFORHOLD.

Har du lyst til å bli med på fellestur til Hågfjell?Torill Hagen og Frivilligsentralen arrangerer tur tysdag 6 september...
30/08/2022

Har du lyst til å bli med på fellestur til Hågfjell?
Torill Hagen og Frivilligsentralen arrangerer tur tysdag 6 september.

Håpar å sjå deg 😊

Er det noen som har savnet organisert topptur på ettermiddagen?
Tirsdag 6 september prøver vi oss på Hågefjell🤩
Torill Hagen er kjentkvinne og geleider oss trygt på tur. Vi går i passe fart tilpasset alle som tenker at denne turen vil jeg ta!
Felles oppmøte 15.30 ved Frivilligsentralen, ta med vindtett, matpakke og drikkeflaske 👍Topptur Nissedal

Husk utvida bandtvang i Nissedal🐕
24/08/2022

Husk utvida bandtvang i Nissedal🐕

Minner om at Nissedal kommune vedtok i 2015 lokal forskrift om utvida bandtvang i den tida bufe normalt går ute, frå og med 21. august til 20. oktober jamfør § 6e i hundelova.

Unntak frå sikringsreglane (bandtvangsreglane):

🐑 Dresserte bufehundar når dei brukast til å vokte storfe, sau eller geit.
🐑 Hund i aktiv politi-, toll-, militær- og eller redningstjeneste eller under trening eller prøving for slik teneste.
🐑 Hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter skada eller vilt.
🐑 Hund når den brukast for jakt, jakthundtrening og jaktprøver kan sleppast på ein aktsom måte slik det er naturleg ut frå bruksformålet, frå og med 21. august til 1. april når dette ikkje er i strid med viltlova.
https://www.nissedal.kommune.no/bandtvang.518980.nn.html

📸Anne Aarak

Meld dere på🏃‍♀️🏃‍♂️🏃
16/08/2022

Meld dere på🏃‍♀️🏃‍♂️🏃

19/07/2022

Hjelp oss med å ta vare på naturen her i Nissedal🦈🐿️🌿. Det er fryktelege tørt, så hugs at det er bålforbod. Ta alltid med deg søppel heim. Og følg desse tipsa hvis du må på do ute: https://norskfriluftsliv.no/slik-gar-du-pa-do-i-naturen/
Her ved vakre Sandarhylen har fleire gått på do rett ved stien. Det er ikkje særleg triveleg for dei som kjem der etter deg!

19/06/2022

Er du klar for årets norgesferie?☀🏔️ Vi er heldige som har allemannsretten her i Norge, som gir oss muligheten til å ferdes fritt. Men husk at vi må ta vare på naturen, så sørg for i sommer👋

Her får du fire, kjappe tips til hvordan du kan etterlate deg naturen når du er på tur 👇

1️⃣Emballasje kan fort falle ut av lommene dine. Sørg for å legge dem i en lomme med lås eller glidelås, så risikerer du ikke at det fyker av gårde.

2️⃣Appelsinskall og bananskall bør ikke kastes i naturen. Visste du at naturen bruker rundt 6 måneder på å bryte ned appelsinskall?

3️⃣Ha med en pose til avfallet ditt på tur

4️⃣Ikke brenn søppel på bålet!

God tur!💚

ENDELEG ER ÅRETS T-SKJORTE HER🤩Årets modell er Julianne Homme, leiar av ungdomsrådet i kommunen😃Kan du gjette korleis to...
22/04/2022

ENDELEG ER ÅRETS T-SKJORTE HER🤩

Årets modell er Julianne Homme, leiar av ungdomsrådet i kommunen😃
Kan du gjette korleis topp som er på t-skjorta?

T-skjortene vil vere på plass hos Treungen Sport & Fritid på måndag.

God topptur-helg☀️

Husk bandtvang når du har med bikkja på tur🐕
07/04/2022

Husk bandtvang når du har med bikkja på tur🐕

Hugs bandtvang🐶🐶

I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal alle hundar haldast i band eller forsvarleg inngjerda eller innstengt jamføre § 6 i hundelova.

Utvida bandtvang i Kviteseid og Nissedal kommune:

Kviteseid og Nissedal kommune vedtok i 2015 lokal forskrift om utvida bandtvang i den tida bufe normalt går ute, frå og med 21. august til 20. oktober jamføre § 6e i hundelova.

Les meir på heimesida:
https://www.nissedal.kommune.no/bandtvang.518980.nn.html

Foto: Colourbox

1. april startar årets topptursesong ☘️Vi byr på 40 ulike toppar fordelt på heile kommunen, så du skal kunne finne turar...
01/04/2022

1. april startar årets topptursesong ☘️

Vi byr på 40 ulike toppar fordelt på heile kommunen, så du skal kunne finne turar som er nær deg, og kanskje etter kvart prøve deg på ukjente toppar fleire stader i kommunen?
Premien for deltaking når du har gått 10 ulike toppar er som vanleg betre form og ein flunkande ny t-skjorte med nytt design for 2022.

Du kan registrere turen din på skjema som du finn i brosjyre som ligg ute i kommunens butikkar, bensinstasjon og campingplassar og skrive deg inn i bøker på toppane, eller bruke Telltur.
Sjå her for å lage deg ein brukar for registrering av toppar: https://www.telltur.no/
Vi har ein eigen konkurranse på Telltur som heiter Topptur Nissedal og som ligg under Friluftsrådet sør: https://www.telltur.no/friluftsrad/sor
Informasjon om toppane finn du på kommunens heimeside: https://www.nissedal.kommune.no/toppturloeyper-for-2022.489655.nn.html

Når du er ute, er det viktig å ta vare på naturen og mangfaldet den representerer. Difor er vi i Topptur Nissedal opptatt av sporlaus ferdsel. Sporlaus ferdsel handlar om å ikkje etterlate seg meir enn sitt eige fotavtrykk i naturen. Ta omsyn til jordsmonn, myr, planter, dyr, fisk og fugl. Hugs at dersom du etterlater deg ting som ikkje høyrer heime i naturen, kan det skade både planter, dyr og menneske. Her er nokon hugsereglar på korleis du kan ferdast sporlaust i naturen:
1. Etterlat staden finare enn då du kom, ta med eige og andres søppel
2. Dopapir/tørkepair: Er du på dagstur, tar du papiret med deg heim
3. Brenn bål berre når det er lov, og bruk gamle bålplassar om det er. Ikkje brenn bål på svaberg.
4. Ha hunden i band når det er bandtvang. Hundeposar skal alltid i restavfall
5. Lat steinar ligge i fred. Ikkje bygg vardar eller flytt på steinar. Nye vardar kan villeie, og ein øydelegg urørd natur.
6. Ta med deg heim alt du tok med deg på tur.

Kos deg med fantastiske naturopplevingar og alt det gode naturen gjer for kropp og sinn, og så håpar vi å sjå deg i ny t-skjorte etter kvart.

God tur ☀️

Med helsing Toppturgruppa

Foto: Hild Riseth Fjone
På bildet ser du Tone Margit og Geir Tveiten på tur.

Adresse

Treungvegen 398
Treungen
3855

Telefon

35048429

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Topptur Nissedal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Videoer

Del