11/09/2023
Tida går fort i godt lag seiest det, og det er rett, 4 år er det gått sidan eg kjøpte Narvesen sitt varelager og utstyr når dei la ned her i Stryn, og starta ein uavhengig kiosk. Det første eg gjorde var å sette ned alt av prisar og ville konkurrere med dagligvarebutikkane, for kioskdrift har endra seg i takt med langopne butikkar. Det var ikkje mange dagane det gjekk før Covid-19 kom og kvardagen vart brått endra, og hadde eg vist at det tok 2 år før det normaliserte seg, så hadde eg nok lagt ned med en gang, men eg høyrde på myndigheitane som sa at, neida det går snart over no, og eg fortsatte drifta, og glad er eg for det. For sjølv om det drøyde, so fekk eg meir og meir faste og gode kundar, og omsetninga økte jamnt og trutt, sjølv under coronane. Men allereie i fjor måtte eg vurdere korleis eg skulle drive vidare av personlige grunnar, legge ned en godt likt kiosk som gjekk bedre og bedre var ikkje ønskelig, eg trakk meg heller litt tilbake, og fekk hjelp av Nina, mi niese til drifta og det har vert ei stor hjelp. Eg har også det siste året hatt nokre samtaler med personer som var interesserte i å kjøpe kiosken, men eg vart ikkje enige om salg, men so, her ein kveld kom eg på en god idé, eg sendte so melding til vedkommane eg fekk idéen om, etter par samtaler vart vi enige, og eg er veldig glad for at eg kan meddele at Adrian med Stryn Kaffebar og Vertshus, har no tatt over kiosken. Etter samtaler og idéutveksling er eg sikker på at kiosken no får det so godt som den fortjener, og kundane får en enda bedre kiosk. Det blir moro å følge med på videre utvikling.
So eg vil få takke alle mine gode kunder for gode år, og vil med det få ønske Adrian og Vertshusfamilien lykke til! Og ja, eg veit kvar eg kjem til å kjøpe soft is framover, eg har tross alt lært dokke opp i korleis Stryn sin beste softis skal vere :) Beste ønsker frå Roger, med snart en soft is i handa att, støypt kjeks, og sjokolade på eine halva og sur jordbær på andra halva av isen. NB, eg blir fortsatt med og lagar til andelslaga på bl.a V75 Rikstoto, og nye andeler er lagt ut.